Å førebygga radikalisering og valdelig ekstremisme er ei viktig samfunnsoppgåve, som må utførast på tvers av samfunnssektorar og fagområde. Det kan vere ulike grunner til at personar blir radikaliserte og er villige til å ty til vald for sine synspunkt. Det er nødvendig med tidleg handling frå en rekke aktørar, for å auka sjansane for å lukkast i det førebyggande arbeidet.
Rettleiaren skal gje informasjon om korleis me som lokalsamfunn kan førebyggja, avdekka og møta radikalisering og valdeleg ekstremisme. Rettleiaren tek utgangspunkt i «Nasjonal veileder for forebygging av radikalisering og voldelig ekstremisme», som igjen byggar på «Nasjonal handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme frå 2014».Rettleiaren er utarbeida av SLT-koordinator i samarbeid med Politiet og Introsenteret i kommunen
Det er viktig at me byggar arbeidet med å førebygga radikalisering og valdelig ekstremisme på dei same grunnprinsippa som generell førebygging av kriminalitet. Ein inkluderande kommune der alle har mogligheit for deltaking utifrå sine eigne ressursar og interessar, vil virka førebyggande både på sosial utstøyting, marginalisering og kriminalitet. Barn, unge og vaksne som opplever å bli sett, høyrd og møtt kvar dag i et inkluderande miljø, der de opplev tilhøyrsle og eigenverdi vil stå godt rusta i møte med ulike utfordringar i livsløpet. Tidleg handling krev kunnskap om risikofaktorar og kunnskap om teikn på radikalisering. Ved å gripe inn tidleg i en radikaliseringsprosess vil man ha auka utsikt til å lukkast med å snu ei uheldig utvikling. Det er viktig at det førebyggande arbeidet vert gjort på ein måte som ikkje bidrar til stigmatisering og generalisering på bakgrunn av etnisitet, religion, kjønn, eller sosio-økonomisk status.
Ein prosess der ein person gradvis aksepterer bruk av vald som verkemiddel for å nå politiske/ideologiske/religiøse mål.
Ein prosess der ein person gradvis tar avstand frå demokratiske prinsipp og samtidig rettferdiggjør bruk av trugslar og vald for å nå sine mål.
Karakteriserast ved utvikling av:
- eit einsidig verdsbilete
- ei oppfatning av å eie den objektive sannheta
- ei oppfatning av at hensikta rettferdiggjer midlane
- ein prosess kor fienden ikkje lenger blir oppfatta som menneskeleg (rotter, urene)
- ein aksept for bruk av vald for å nå sine mål. Situasjonen opplevast som så akutt og alvorlig at drastiske handlingar blir rettferdiggjort som nødvendige.
Ein radikaliseringsprosess kan samanliknas med å vere i ein tunnel. I radikaliseringstunnelen vil eit individ bli eksponert for eit snevert og ensidig syn på verden.
Les meir om radikaliseringstunnelen
Ein prosess der ein person i mindre grad aksepterer bruk av vald for å oppnå politiske/ideologiske/religiøse mål.
Aktiviteten til personar/grupper som er villig til å nytta vald for å nå sine politiske/ideologiske/religiøse mål. Valdeleg ekstremisme kan til dømes omfatta høyreekstremisme, venstreekstremisme eller ekstrem islamisme.
Kjenneteikn ved valdeleg ekstremisme:
- ein berre aksepterer eigne meiningar
- ein meiner det er legitimt å ty til vald for å få gjennomslag for eigne meiningar
Nettekstremisme er radikalisering og valdeleg ekstremisme på internett/sosiale media. Denne form for ekstremisme består i å fremje ekstreme ideologiar og ytringar på desse plattformane som kan rammast av straffelova.
Høyreekstreme grupperingar i den høyre ytterkanten av det politiske landskapet. Dei påberopar seg ofte kulturell eller rase messig overlegenheit.
Byggar på framandfiendtleg ideologi, til dømes at Norge og Europa er i ferd med å bli islamisert. I motsetnad til det tradisjonelle høyreekstremistiske miljøet der rase står sentralt, er fiendebildet her basert på religion.
Ulike formar for politisk radikalisme som har utspring i ideologiar som ligg langt til venstre i det politiske landskapet.
Kriminalitet som er motivert av fordommar mot personars faktiske eller oppfatta gruppetilhøyring, som til dømes rase, religion eller seksuell orientering.Det er skilnad på hatefulle ytringar og hatkriminalitet. Men av og til fell desse to saman, til dømes der meiningar kombinerast med trugsmål.
Individuelle og strukturelle mekanismar/barrierar for deltaking på ulike arenaer. Skilnadar i helse, utfordringar med rus, psykiske lidingar, lav deltaking i fritidsaktivitetar, prestasjonspress, skilnadar i økonomi, samt ulike moglegheiter for å følgje utdanningsløp og skaffe seg jobb, er eksempel på forhold som kan føre til utanforskap.
Kvar for seg treng ikkje teikna under vere eit uttrykk for radikalisering. Vurder teikna samla. Summen av teikn dannar grunnlag for uro.
• Intoleranse for andre sine synspunkt
• Fiendebilete – ”me og dei”
• Konspirasjonsteoriar
• Hatretorikk
• Sympati for absolutte løysingar, som å avskaffa av demokrati o.l.
• Legitimerer vald
• Trugslar om vald for å nå politiske mål
• Endrar utsjånad, klesdrakt, oppførsel m.m.
• Nyttar symbol knytt til ekstremistiske ideal og organisasjonar
• Opptatt av ekstremisme på internett og i sosiale media
• Sluttar på arbeid, skule eller fritidsaktiviteter m.m.
• Søkjer etter ekstremistisk materiale på internett
• Ekstreme ytringar i sosiale media
• Deltek på demonstrasjonar og valdelege samanstøytar med andre grupper
• Bruker trugslar og vald som følge av ekstremisme
• Reiseverksemd som kan føra til kontakt med ekstremistar og auka fare for radikalisering
• Hatkriminalitet
• Endrar nettverk og omgangskrets
• Har kontakt med personar/grupper som er kjende for ekstremisme
• Har kontakt med personar/grupper som utøver trugslar, vald og annan kriminell verksemd
• Medlem i ekstremistiske grupper, nettverk eller organisasjonar
Risikofaktorar er forhold som aukar faren for at personer utviklar problem. Beskyttande faktorar er forhold som dempar risikoen for å utvikle problem når risikofaktorar er til stades. Slike faktorar er av stor betydning i førebyggande innsats mot risikogrupper. Ved å redusere risikofaktorane og forsterke dei beskyttande faktorane reduserer ein risikoen for ei uheldig utvikling. Det er viktig å ta bekymringsteikna over på alvor, sjølv om den enkelte ikkje har nokon av dei nemnte risikofaktorane knytt til seg.
Me har alle eit ansvar for å skape eit trygt nærmiljø, difor har me eit ansvar for å handle når me vert uroa. Me har også alle ei plikt til å avverje alvorleg kriminalitet, jamfør Straffelova § 196.
Er du uroa for ein ven, nabo, kollega, eller ein annan innbyggar kan du gjere fylgjande:
Ta uroa du har på alvor! Tenk over kva du er uroleg for! Gå i dialog med personen om det er mogleg. Vær nysgjerrig på korleis personen tenkjer? Drøft grunnane for di uro du med andre som kjenner personen. Deler dei same uro? Har dei reagert på noko? Rådfør deg med gjerne med aktuelle tilsette i kommunen. Viss du fortsatt er uroa kontaktar du politiet, som vurderer vidare framgangsmåte. Du kan gjere dette anonymt.
Offentleg tilsette har plikt til å førebygga og avverga alvorlege lovbrot, som hatkriminalitet og valdeleg ekstremisme. Er du uroa for barn, ungdom eller vaksne oppmodar me at du fylgjer disse trinna.
Mange eksisterande førebyggande tiltak kan også være relevante for å møte ei eventuell uro for radikalisering.
Kva tiltak som kan være aktuelle må vurderast med utgangspunkt i situasjonen og det sosiale miljøet til den enkelte. Ved iverksetting av tiltak er det viktig å tenke heilhet. Ofte vil man kunne oppleve at det ikkje er nok med eit tiltak. Fleire tiltak vil kunne utfylle kvarandre og saman gi ei oppbyggande og dermed beskyttande effekt.
Særlig aktuelt er tiltak med fokus på å:
• Fremja grunnleggande samfunnsverdiar som demokrati og menneskerettigheter.
• Fremja ytringsfridom og toleranse for mangfald.
• Førebygga utaforskap og marginalisering.
• Fremja identitet, tilhøyrsle og trivnad.
• Integrera og inkludera.
Er eit dialogbasert verktøy i politiets førebyggande arbeid, når barn og unge har, eller står i fare for å komme i konflikt med loven. Samtalen skal være ei arena kor ein snakkar saman for å kome frem til ei felles forståing for kva som er problemet, og startar å jobbe for endring mot det positive.
Her kan ungdommar ta kontakt utan å bestille time eller involvere dei føresette. Tilknytinga til skulen gjer at skulehelsetenesta har ei helt spesiell mogligheit til å driva førebyggande arbeid på barn og unge si eiga arena. Dette gir også en unik mogligheit til å fange opp ungdommar irisikosonen i ei tidlig fase.
Her kan uro for kriminalitet og for at personar blir radikaliserte meldas inn og tiltak for å førebygga og håndtere radikaliseringsutfordringar settas i gong.
Politikontakt
Øyvind Dybing
Sauda og Suldal lensmannsdistrikt.
Tlf: 52785577
SLT-koordinator
Eirik Iversen
Tlf.: 97116878/52 79 22 73
E-post: eirik.iversen@suldal.kommune.no
Regjeringens handlingsplan mot radikalisering og voldelig ekstremisme
Nasjonal veileder for forebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme
Radikalisering og voldelig ekstremisme – kunnskapsportal om prosesser inn og veier ut
Politiets nettside om radikalisering og voldelig ekstremisme på internett
Hatytringer - kunnskap, råd og hjelp fra Barne- ungdoms- og familiedirektoratet